Gå videre til innhold
Morten Bjerga med ny roman om livet, døden og havet

Pressemelding -

Morten Bjerga med ny roman om livet, døden og havet

Det er torsdag i mai, og Lars Olsen Bru har vore i Stavanger og kjøpt seg ny dress. Han står på dekket av rutebåten på veg heim, til øya Bru i Ryfylke, der han ein siste gong skal lese gjennom livserindringane han har skrive. For kven veit kor lenge ein får stå i livet?

Lars har levd eit rikt liv, både på havet og på landjorda. Han minnest barndom, ungdom og manndom, han minnest sjukdom og drukningsdød, sildesalting og slit, men òg fellesskap, kjærleik og kva det no er som kanskje kan føre til eit godt liv. Men Lars ber òg på nokre kors: forholdet til dottera Malena, som har brukt heile livet sitt på å ta seg av han, og forholdet til broren Børre, som han ein gong la for hat, utan at han ville det.

Det var i undersøkingar av eige slektssoge at historia utfalda seg for forfattaren. 

- Menneske rundt ein døyr, og ein startar å rota i eiga slekt. I dette arbeidet kom eg over erindringane til oldefar min, Lars O Bru, og blei fanga av det han hadde skrive, eller kanskje endå meir av det han ikkje hadde skrive. Og av den store himmelen som kvilte over alt.

Lars O. Bru og havet er ein roman om livet sjølv, om liv og død, om tru og tvil, om misunning og tilgiving. Om ein manns fridom og lengslar, ansvar og plikt. Historia om Lars er på same tid ei framstilling av ein mann og den tida han lever i. Vi får ein havsalt smak av kystkulturen på det norske Vestlandet i perioden 1870–1949.

Boka har lanseringsdato 12.september. 

Morten Bjerga (f.1960) debuterte i 1990 med romanen Fyrtårnet. Lars O. Bru og havet er hans tredje roman. Han arbeider som lektor og bur i Sandnes. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO