Gå videre til innhold
Morten Søberg aktuell med essays om oljepengar og grunnlova; "Ekofisk, Eidsvoll"

Pressemelding -

Morten Søberg aktuell med essays om oljepengar og grunnlova; "Ekofisk, Eidsvoll"

I si nye essaysamling "Ekofisk, Eidsvoll" spør Morten Søberg korleis kan vi binda oss til masta på eit vis som sikrar berekraftig bruk av oljepengar gjennom tida.

-Oljefondet er i dag det største fondet i verda. Handlingsregelen er meint å sikre fondet til evig tid. Slik er det ikkje lenger. Noverande regjering legg opp til ein pengebruk som kan føre til at fondet er tomt i løpet av nokre tiår, hevdar Søberg. 

Som sentralt omdreiningspunkt for boka står nettopp handlingsregelen. 

- Handlingsregelen er meint å medverka til ein berekraftig, langsiktig klok bruk av oljepengar over statsbudsjettet. No skal denne regelen strammast inn: forventa realavkastning til fondet vert redusert frå 4 til 3 prosent, fortel Søberg. Men handlingsregelen er ingen regel i streng forstand, held forfattaren fram. 

- Han er ei rettesnor, ei retningsline – i ei tid der behovet for skikkelege reglar i finanspolitikken – for bruk av oljepengar – sannsynlegvis er sterkare enn nokosinne. 

Morten Søberg, samfunnsøkonom og tidlegare statssekretær i Finansdepartementet, stiller i denne boka eit heilt sentralt spørsmål for nasjonen Noreg: Kan oljeformuen vår tryggjast til evig tid?

Søberg startar i 1969. Dette er året då Ekofisk-feltet blei funne i Nordsjøen og den norske økonomien blei forandra radikalt. Det er også året då han sjølv blei fødd. I Ekofisk, Eidsvoll reflekterer Søberg over korleis hans eiga historie er samanbunden med historia om Oljefondet. 

Ekofisk, Eidsvoll er eit dristig og velformulert innlegg i debatten om Noregs framtid, frå ein av Noregs mest originale essayistar.

Morten Søberg (f. 1969) kjem frå Trondheim og arbeider som direktør for samfunnskontakt i Sparebank1 Gruppen. Han var statssekretær i Finansdepartementet i tre år fram til regjeringsskiftet hausten 2013. Søberg er samfunnsøkonom med doktorgrad i eksperimentell økonomi frå Universitetet i Oslo og utdanning i filosofi og økonomi frå London School of Economics. Han har tidlegare gitt ut bøkene Senatet som aldri vart. Essay frå Stortinget (2009), Sverdrups ekko. Parlamentariske undersøkingar (2010) og Rapport frå Finansdepartementet (2014).

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO