Gå videre til innhold
Morten Søberg aktuell med "Nynorskens lys: eit essay"

Pressemelding -

Morten Søberg aktuell med "Nynorskens lys: eit essay"

Kva skjer når ein held det nynorske språket opp mot lyset?

Nynorsk er eit daglegdags språk, særleg mellom bakkar og berg på Vestlandet. Til liks med andre språk formar det røyndomen. Og omvendt. Men nynorsken kan tenkjast å ha eit særeige vassmerke: eit kvalitetsmerke som vert synleg dersom vi ser føre oss at vi held den nynorske skriftkulturen opp mot lyset. Då vert det klårt som blekk.

I denne boka undersøkjer Morten Søberg påstanden om at nynorsken er ein grunnleggande essayistisk skriftkultur, eit skriftspråk tufta på reiser og samtalar, utforskingar og politikk.

Den nynorske skriftkulturen innebar ei ny tidsrekning. Han byrja på sett og vis med Ivar Aasens tekst i Morgenbladet 5. januar 1849 - ein samtale mellom to bønder om politikk og statsstyring. I 1894 vedtok Stortinget den fyrste lova på det nye språket: Ho avløyste lokale tider og innførte nasjonal fellestid. I dag er nynorsk etablert som eit norsk mindretalsspråk med nokre bestemte særtrekk. Den nynorske skriftkulturen er ei langvarig påminning om at fleirtalet ikkje alltid har rett, han viser at det finst alternative språklege fakta, røynsler og tankar. Det er noko kjettersk ved nynorsken. Ein kan seie at grunndraga ved språket samsvarer med sjangerkrava til essayet. Ja, at djupast sett er den nynorske skriftkulturen eit spegelbilete av sakprosasjangeren essay. Det bør òg vera ein del av det nynorske sjølvbiletet. Med andre ord: stadig nye forsøk, heile tida noko uferdig og ope, granskande og spørjande - samtalande skrift.

Boka har lanseringsdato 22.11.18. Det blir lanseringsarrangement denne kvelden. For meir info om arrangementet, sjå Facebook: https://www.facebook.com/events/237888760255279/

Morten Søberg (f. 1969) kjem frå Trondheim og arbeider som direktør for samfunnskontakt i Sparebank1 Gruppen. Han var statssekretær i Finansdepartementet i tre år fram til regjeringsskiftet hausten 2013. Søberg er samfunnsøkonom med doktorgrad i eksperimentell økonomi frå Universitetet i Oslo og utdanning i filosofi og økonomi frå London School of Economics. Han har tidlegare gitt ut bøkene Senatet som aldri vart. Essay frå Stortinget (2009), Sverdrups ekko. Parlamentariske undersøkingar (2010) og Rapport frå Finansdepartementet (2014).

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO