Gå videre til innhold
No kjem biografien om Lothepus

Pressemelding -

No kjem biografien om Lothepus

29.9. kjem biografien om Lothepus, ført i pennen av Finn Tokvam. 

- Tokvam var den som kunne få dette i hamn på ein skikkeleg bra måte. Han forstår meg og han forstår Hardanger, seier Leif Einar Lothe.

Sjølv hadde Tokvam sine tvil om å skrive boka: 

-Eg var usikker på om eg ville ta på meg å skrive boka om Lothepus, men etter å ha snakka litt med han, vart tvilen bytta ut med ønske om å klare å formidle dei beste historiene frå livet hans. Lothepus er den folk har sett på tv, men han har også mange andre sider, og det håpar eg at boka klarar å vise.

-Det er banning, røyk, alkohol og dynamitt - men det er så mykje meir. Både sorg, tvil, motgang og alvor.

Leif-Einar Lothe, betre kjend som Lothepus, sjarmerer og provoserer folk over heile landet. Hardhausen frå Odda i Hardanger, med cowboyhatt og røyk i kjeften, er eit fenomen ingen kan vere likegyldig til.

Over ein million følgde med då Lothepus vann realityserien «Farmen kjendis» vinteren 2017. Men kven er han? Eit ekte mannfolk? Ein dinosaur med forkvakla kvinnesyn? Ein snill og hjelpsam mann? Ein som gir faen? Ein tulling? Eit geni?

Journalist og forfattar Finn Tokvam har hatt mange samtalar med Lothepus for å finne svar på desse spørsmåla. Resultatet er ei bok med røvarhistorier og private foto frå ein sann eventyrar. Lothepus fortel om den gongen han flykta frå politiet med hest, om kunsten å ri i fylla, og om då han var på reinjakt på vidda og leigde sjøfly for å gå på pub i Bergen. Han fortel også om kva det gjorde med han at han mista veslebror sin, Stian, i ung alder.

Leif Einar Lothe (f. 1969) er entrepenør, sprenger, maskinist, sangar og TV-kjendis. Lothe er frå Rogdo i Ullensvang og bur i dag i Odda. Han vann reality-serien Farmen kjendis i 2017, og mange kjenner han frå dokumentarserien Fjorden Cowboys, som følgjer Lothe og makkaren hans, Joar Førde, i kvardagen deira.

Finn Tokvam (f. 1972) er journalist, musikar og forfattar frå Flåm. Han debuterte med romanen Tyl i 2005 saman med Halvor Folgerø. Finn Tokvam er journalist og humorist, han er kjent frå mellom anna radioprogrammet P.I.L.S på NRK, har skrive fleire bøker og er vokalist i populærorkesteret Finn-Erix.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO