Gå videre til innhold
Ny biletbok om dyras beste sjekketriks

Pressemelding -

Ny biletbok om dyras beste sjekketriks

I Dyras beste sjekketriks tek Malin Hellebø frå NRKs dyrevenn og illustratør Camilla Kuhn for seg dei fascinerande og rare metodane dyr har for å finne seg ein make.

Visste du at mohairgeita sitt beste sjekketriks er å tisse seg sjølv i fjeset? At edderkoppar sjarmerer damene med musikk og heftige rytmar? At pingvinar frir med småstein? Eller at geviret til hjortebukken er eit verktøy for å imponere dei kresne kollene?  

Boka tek for seg både insekt, amfibiar og pattedyr og er ein underhaldande og kunnskapsrik inngang til den merkverdige dyreverda. For aldersgruppa 9-12

Malin Hellebø (f. 1989) er frå Lærdal og bur i Oslo. Ho er utdanna lærar, men har dei siste åra blitt kjend som programleiar for Dyrevenn på NRK Super. Dyras beste sjekketriks er debutboka hennar.

Camilla Kuhn (f. 1975) voks opp på Rykkinn og Bærums Verk og bur no i Nittedal. Kuhn har skrive og illustrert bøker for barn, mellom anna Løs tann, Gorm er en snill orm og Lunda på rideskole. Ho har også illustrert biografien om sjimpansen Julius, som er skriven av Lena Lindahl.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO