Gå videre til innhold
Ny biografi om Magnhild Haalke, gløymd og glitrande forfattar

Pressemelding -

Ny biografi om Magnhild Haalke, gløymd og glitrande forfattar

Lanseringsarrangement på Tronsmo i Oslo  28.2. kl 17.

Magnhild Folkvord er klar med biografi om den anerkjende, men gløymde forfattaren Magnhild Haalke (1885–1984). Haalke debuterte som forfattar med Allis sønn då ho var 50 år gammal. Ho hausta raskt stor anerkjenning – også utanlands – for den eineståande skildringa av den vesle guten som stilte underlege spørsmål og laga «rare» teikningar.

I denne boka følgjer vi Magnhild Haalke frå oppveksten på Vikna i Nord-Trøndelag, som «småskolelærarinne» på den fattige landsbygda, som forfattar og på reiser i Sør-Europa i lag med ektemannen, kunstmålaren Hjalmar Haalke.

I tillegg til Allis sønn utgjer tre trilogiar høgdepunkta i forfattarskapet. Dei fleste bøkene har sterke kvinner som hovudpersonar. Magnhild Haalke ville ikkje kalle seg «kvinnesakskvinne», men sa at ho skreiv om kvinner som «hadde blitt lurt for sitt eget liv».

93 år gammal blei Haalke omtalt som «en av de ytterst få forfattere som opplever å bli klassiker i levende live», likevel har Magnhild Haalke forsvunne ut av det kollektivet minnet. Kva i alle dagar skjedde?

Magnhild Folkvord (f. 1945) er utdanna adjunkt. Frå 1999 til 2015 arbeidde Folkvord som journalist i Klassekampen. Folkvord har tidlegare skrive biografiane Fredrikke Marie Qvam. Rabaldermenneske og strateg (2013) og Betzy Kjelsberg. Feminist og brubyggjar (2016).

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO