Skip to main content

Ny bok av Kristina Leganger Iversen om kva morskapet betyr - historisk, økonomisk og personleg

Pressemelding   •   okt 04, 2019 09:00 CEST

Kristina Leganger Iversen er 28 år, bur i ei toroms leilegheit og har ei mellombels stilling ved universitetet. No lurer ho på om ho har lyst på barn. Men å bli mor er ei livsomveltande endring ho ikkje aner konsekvensane av – for kven blir ein om ein blir mor?

Politikarar og forskarar roper med jamne mellomrom varsku over låge fødselstal, barnlause menn og gamle førstegongsmødrer. Alderen på førstegongsfødande i Noreg aukar, og stadig fleire kvinner og menn har ikkje fått barn ved fylte førtifem.

I Bli mor no? skriv  Leganger Iversen personleg og politisk om valet ho står i. Ho undersøker kva morskapet tyder – historisk, økonomisk, i litteraturen og i hennar eige liv. Det handlar om å tenkje, tvile og så kanskje tørre å kaste seg ut i det.

Kristina Leganger Iversen (f. 1989) er frå Åsane i Bergen og bur i Oslo. Ho har gitt ut bøkene Hjartemekanikk og I ringane. Ho er litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.