Gå videre til innhold
Ny bok frå Agnes Ravatn; "Stoisk uro og andre filosofiske smular"

Pressemelding -

Ny bok frå Agnes Ravatn; "Stoisk uro og andre filosofiske smular"

Er filosofi høgtsvevande og teoretisk visvas, eller kan det òg ha praktisk nytte? I Stoisk uro testar Agnes Ravatn ut korleis dei ulike filosofiske skulane fungerer i kvardagen, i eit halvhjarta forsøk på å bli eit betre menneske.

På vegen mot det gode livet går ho på ski med Kant, arrangerer symposium i Platons ånd og trulovar seg etter råd frå Kierkegaard. Stoisk uro og andre filosofiske smular er ei sjarmerande samling tekstar som vekker både latter og undring.

Agnes Ravatn (f. 1983) andre roman Fugletribunalet (2013) hausta gode kritikkar og vann både P2-lyttaranes romanpris, Ungdommens kritikarpris og Bokbloggerprisen 2013. Ravatn har gitt ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, og ho er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO