Gå videre til innhold
Ny bok frå Atle Hansen om utanforskap

Pressemelding -

Ny bok frå Atle Hansen om utanforskap

Direkte og innsiktsfullt om utestenging og forelsking

– Du er eit apetryne, Arne, eit ekkelt apetryne. Me kan ikkje vera saman med slike som deg! Me vil ikkje ha deg her lenger!»

Med Apetryne har Atle Hansen skrive ei sterk bok om det å vere utanfor, vere venner og vere forelska, og om å bli sett av den du ønskjer skal sjå deg.

Utgangspunktet for boka var ei hending i Hansen si eige ungdomstid. 

- Eg var i eit telt, hugsar eg, med nokre andre gutar som eg framleis hugsar kven var, og fortalde dei om nokre apekattar eg hadde sett på fjernsyn. Ein av gutane sa at eg trong ikkje herma etter aper, eg såg ut som ein apekatt. Ei bitte lita hending som eg aldri har gløymt. Det må ha gjort vondt. Dei andre gutane hadde nok gløymt det før dei la seg om kvelden. Og slik er det kanskje når ein sårar andre eller gjer noko vondt, medvite eller i vanvare, du gløymer det sjølv, for du meinte det ikkje så vondt, men det kan verka og svi lenge hos den det går utover, seier Hansen. 

Hansen vonar at historia kan vere til trøyst for andre som kjenner på utanforskap. 

- Eg håpar dei får ei god leseoppleving. Så håpar eg at det eg skriv om kan gi litt trøyst og håp hos dei som kjenner seg haldne utanfor i vennegjengen, eller kjenner at dei ikkje passar heilt inn, og samstundes vera eit lite stikk til dei som held dei utanfor og dei som ler av andre som ikkje er heilt som dei sjølve. Men først og fremst håpar eg at det er ei bok som er kjekk å lesa. 

Boka har lanseringsdato 29. august. 

Atle Hansen er forfattar og musikar og bur på Stord. Han har skrive ei rekkje bøker for både barn og vaksne. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO