Gå videre til innhold
Ny bok: "Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk"

Pressemelding -

Ny bok: "Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk"

Emil André Erstad var Hareides næraste medarbeidar gjennom Krfs skjebnehaust for eit år sidan. I Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk  som vert lansert i morgon 30.10., fortel han ope og brutalt ærleg om kva som skjedde bak kulissane, om striden mellom Knut Arild Hareide og nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad og om kva vurderingar Hareide og hans næraste gjorde undervegs. Kva får ein populær politikar til å sette posisjonen og karrieren sin på spel, slik Hareide gjorde?

Hareide kjempa sitt livs kamp. Han satsa alt på å vinne partiet i eit historisk skjebneval. Ja eller nei til regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet. I 36 dagar gjennomlevde Hareide og partiet eit drama norsk politikk aldri har sett maken til. Den intense maktkampen enda med at KrF gjekk i regjering med Framstegspartiet. Knut Arild Hareide gjekk av som partileiar. Han hadde satsa alt for det han trudde på.

Hareides fall er ei intens og medrivande forteljing frå innsida av maktas korridorar, ei forteljing om å stå for det ein trur på. 

Lanseringsarrangement på Kulturhuset i Oslo mandag 4.11. kl 1830

Emil André Erstad (f. 1991) var mellom 2016 og 2019 ein av Hareides næraste rådgjevarar i Stortinget. Han er tidlegare leiar i KrFU. Erstad kjem frå Radøy i Nordhordland og har studert samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han er tilsett som kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité. I 2016 gav han ut boka Farvel, Syria.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO