Gå videre til innhold
​Ny bok i den prisvinnande Vegandi-serien

Pressemelding -

​Ny bok i den prisvinnande Vegandi-serien

Mystiske og brutale draumar kjem til Eirik samtidig som han reiser djupare inn i Ingenmannsland. Kva betyr desse draumane? Saman med vennene Khalid og Maria må Eirik stole på sine eigne evner for å finna ut av det. Kampen mot anzilane er i ferd med å ta ei farleg vending, men kva skal til for at vegandi skal ta åtvaringane hans på alvor før det er for seint?

Draumsende tar oss med tilbake til eit fantastisk univers med gudar, magi, dataspel og parallelle dimensjonar. Endeleg er oppfølgjaren til Upris-vinnande Galderstjerna her!

Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. Drakeguten vann NM i litteraturformidling. For første bok i Vegandi-serien fekk han Uprisen 2017. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO