Gå videre til innhold
Ny bok i internasjonal, anerkjend serie: "Gjengkrigen"

Pressemelding -

Ny bok i internasjonal, anerkjend serie: "Gjengkrigen"

Det er gjengane som styrer den britiske underverda, og då det bryt ut krig mellom to av dei, eksploderer valden i gatene. Politiet treng rask informasjon om det som skjer, og James Adams har kontaktane som skal til for å infiltrere den aller farlegaste gjengen, for han jobbar for CHERUB. 

Dette er den åttande CHERUB-boka. Serien har vunne litterære prisar og blitt ein internasjonal suksess. Boka eignar seg for barn frå 9 til 13 år

Andre bøker i serien er Rekrutten, Kokainkongen, Flukta, Drapet, Heilag galskap, Mennesket og dyret og Slått ut. Rekrutten finst òg som grafisk roman.

Omsett av Øystein Rosse.

Robert Muchamore (f. 1972) jobba som privatetterforskar i mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er no utgitt på over tjue språk, og har selt fleire millionar bøker.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO