Gå videre til innhold
Foto av Gro Skartveit (av Jan Inge Haga)
Foto av Gro Skartveit (av Jan Inge Haga)

Pressemelding -

Ny bok: "Livet etterpå. Om vegen vidare etter alvorlege kriser" av Gro Skartveit

I løpet av livet opplever dei fleste kriser og hendingar som gjer dagane krevjande og vonde. Gro Skartveit har møtt folk som har vore ute ei vinternatt, men som har klart å finne tilbake til eit leveleg liv. Her får du historier om folk som har opplevd drap, sjølvmord, sjukdom, angst og mobbing. Dette er historier om kriser, men først og fremst om korleis det er mogleg å gjere livet betre sjølv etter det aller verste har skjedd. 

Gro Skartveit deler også noko av si eiga historie. Ho blei misbrukt i eit kristent miljø. Då ho stod fram som lesbisk, forlot ho jobben og mista delar av nettverket. Gjennom folks erfaringar vil Skartveit gjere lesarane betre rusta til å møte og leve etter at det aller verste har skjedd.

Dei som deler erfaringane sine: Jon Asgaut Flesjå, Stine Renate Håheim, Adrian Lorentsson, Torunn Austdal Rasmussen, Kjell Soleim, Monna Tandberg, Tolli Frestad, Brith Dybing, og Victoria Kyllevik Gravdal.

Helseminister Bent Høie har skrive forordet.

Gro Skartveit (f. 1965) er sosionom og har i mange år jobba med menneske i krise. Ho er ein kjend politikar frå Rogaland og skapte bølgjer i lokalpolitikken då ho både kom ut av skapet og bytta parti. Frå 2011 til 2015 var ho ordførar for Venstre i heimkommunen Finnøy. Ho har tidlegare skrive Ulvar i lammeflokken – om overgrep mot kvinner i kristne miljø. I 2010 gav ho ut boka Den usynlege smerta. Om rus og pårørande.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO