Gå videre til innhold
Ny bok om Catalonia "Draumen om Catalonia" lansering 27.8.

Pressemelding -

Ny bok om Catalonia "Draumen om Catalonia" lansering 27.8.

LANSERING: Litteraturhuset i Oslo torsdag 27.8. kl 19. Samt arr. i Bergen 22.9. Litteraturhuset, kl 19. (Begge arr. i samarbeid med DiploCat)

27.9. er det regionval i Catalonia. Nokre lokale parti ønskjer ein sterkare lausrivingsprosess frå Spania, og valet kan få store konsekvensar for regionen. Johannes Nymark gir i den nye boka Draumen om Catalonia eit kunnskaps- og perspektivrikt innsyn i det særeigne språklege, kulturelle, økonomiske og industrielle utviklinga som ligg bak den katalanske sjølvstendekampen.

Ny ideologi, nye impulsar i kunst, arkitektur og litteratur har i regelen kome til Spania via Catalonia og spesielt hamnebyen Barcelona, og i fleire hundreår har det eksistert ein påfallande skilnad mellom det konservativt sentralistiske Madrid og det kulturelt og samfunnspolitisk langt meir liberale nordaustre hjørnet av den iberiske halvøya. Johannes Nymark syner korleis denne motsetninga opp gjennom hundreåra har prega kultur og framom alt språk, men også handel, industri og anna næringsliv, og i eit eige kapittel skildrar han kor sentral ei rolle fotballklubben FC Barcelona har spelt som aktør og symbol i denne sjølvstenderørsla.

Johannes Nymark (f. 1949) er førsteamanuensis ved Noregs Handelshøgskule (NHH) i Bergen, der han underviser i spansk ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO