Skip to main content

Ny bok om Ottar Haugland sin kamp mot nazismen

Pressemelding   •   okt 31, 2019 09:00 CET

I Krig. Mor. Bror. Ottar Haugland sin kamp mot Nazismen fortel Svein Sæter historia til Ottar Haugland og familien hans, som vart ramma av nazismen og valte å ta opp kampen.

Boka handlar om opplevingane til to brør, Milorg-leiar Ottar Haugland på Notodden og tungtvassabotør Knut på Kongsberg, som i same natta blir tekne og torturerte av Gestapo. Knut gjennomfører ei farefull flukt. Ottar svelgjer ei sjølvmordspille, men endar opp på dødsleiren Stutthof.

Men det handlar òg om dei som blir att heime på Rjukan. Far Olaf døyr i ei meiningslaus ulykke. Mor Gunnhild byrjar å skrive dagbok, i sorg og angst og kamp for gutane sine. Samtidig finn sonen Ottar penn og papir i konsentrasjonsleiren.

Krig. Mor. Bror er ei uhyggjeleg forteljing om dei mørkaste djupa i menneskesinnet, men samtidig ei lysande historie om å overleve barbariet gjennom samhald og solidaritet. Det er det som gjer Ottar Haugland sin kamp til ei universell, tidlaus historie. 

«Ottars historie er ei forteljing om det ufattelege. Om ufatteleg vondskap, ufatteleg vald, om dei utfattelege svarte avkrokane i menneskesinnet. Samtidig er det eit sterkt lys over denne historia, ei nesten naturstridig tru på menneskeverd og humanisme. Ufatteleg, det òg»
frå Svein Sæter sitt forord

Svein Sæter (f. 1960) frå Stangvik på Nordmøre har skrive mange sakprosabøker, ofte med historiske tema. Han blei kjend med familien Haugland då han skreiv Operatøren (2008) i samarbeid med tungtvassabotør og Kon-Tiki-deltakar Knut Haugland og fekk tilgang til unike kjelder. Saman med faren Einar har Svein Sæter skrive den kritikarroste historia om XU, den største og viktigaste norske etterretningsorganisasjonen under andre verdskrigen.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.