Gå videre til innhold
Ny bok om radarparet Jakob og Neikob!

Pressemelding -

Ny bok om radarparet Jakob og Neikob!

Femte bok om det prisvinnande radarparet Jakob og Neikob!

- Neikob, er du lei deg?
- NEI, eg er lei MEG, svarer Neikob. - Eg vil bli som Alle Andre.
- Veit du kven Alle Andre er, da? spør Jakob.
- NEI. Blir du med og finn han?
- JA, svarer Jakob.

Jakob og Neikob leitar etter Alle Andre på bussen, i havet og i verdsrommet. Til slutt finn dei han på planeten Uno. Der er det også ei klonemaskin. Kanskje Neikob faktisk kan bli heilt lik Alle Andre?

Boka har lanseringsdato 16.08.

Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør, aller mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater.

Den ferske boka om radarparet markerer 10 års jubileet for Jakob og Neikob. Den første boka, Jakob og Neikob kom i 2008 og hausta strålande kritikk. For denne fekk Stai Kulturdepartementets debutantpris for barnebøker 2008. I 2012 fekk ho både Brageprisen og Kritikarprisen for Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO