Gå videre til innhold
Ny bok; "Romantiske vennskap. Sjelevenner i norsk kultur"

Pressemelding -

Ny bok; "Romantiske vennskap. Sjelevenner i norsk kultur"

Harriet Backer og Kitty Kielland, Bjørnstjerne Bjørnson og Clemens Petersen, Synnøve Finden og Pernille Holmen, Edvard Grieg og Frantz Beyer, Gunvor Hofmo og Ruth Maier, Tor Jonsson og Jan-Magnus Bruheim, Marie Høeg og Bolette Berg. Dette er nokre av vennepara Jan Olav Gatland fortel historia om i den nye boka  "Romantiske vennskap. Sjelevenner i norsk kultur". 

Lanseringsdato: 3. mai.

På 1800-talet stod vennskapet høgt i kurs, og ikkje minst varme vennskap mellom to personar av same kjønn. Tvillingsjeler eller sjelevenner forstår kvarandre i alt. Den eine er ikkje heilt lykkeleg utan den andre. Denne boka handlar om fjorten slike vennepar, sju kvinnelege og sju mannlege, der dei fleste er kunstnarar, anten innan biletkunst, litteratur eller musikk. To av dei kvinnelege vennepara er forretningskvinner og viktige pionerar i sine respektive bransjar. Historia om dei nære forholda fortel òg korleis personane har funne inspirasjon og kraft i vennskapet og utvikla seg ved hjelp av den andre.

Jan Olav Gatland (f. 1949) er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Han har arbeidd som kritikar og omsetjar og skrive fleire bøker om litteratur og teater, som Ord og orgasme. Ein biografi om Ola Raknes (2010), og Torvald Tu. Eit diktarliv (2008).

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO