Gå videre til innhold
Ny bok: Viljen til liv - Medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid

Pressemelding -

Ny bok: Viljen til liv - Medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid

Helse og sjukdom, liv og død, er grunnvilkår i alle menneskeliv og samfunn. I oversiktsverket Viljen til liv - Medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid følgjer forfattar Aina Schiøtz hovudlinjene i medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid. Kva slags syn har ein til ulike tider hatt på sjukdom og dei sjuke, og kva slags vilkår har ein bydd pasientane? Og korleis har eit skiftande sjukdomsmønster bidratt til å forme framveksten av medisinsk vitskap og praksis?

Etter ein introduksjon til medisinsk historie som forskingsfelt, følgjer ei oversikt over kva kunnskapsparadigme og sjukdomsteoriar som har rådd opp gjennom historia. Boka tek vidare opp framveksten av sjukehusvesenet, helseprofesjonar og ulike førebyggingstiltak. Endra sjukdomsoppfatningar, pasienterfaringar og medisinsk etikk er tema i siste del av boka.

Hovudvekta i framstillinga ligg på norske forhold, men dette blir sett i lys av internasjonale impulsar og utviklingstrekk.

Aina Schiøtz er professor i medisinsk historie ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. Ho har særleg arbeidd med samfunnsmedisinske problemstillingar, legeprofesjonens historie, framveksten av rettsmedisinen og forholdet mellom juss og medisin.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO