Skip to main content

Ny debattbok om NATO, militærpolitikk og norsk USA-servilitet

Pressemelding   •   feb 21, 2019 10:53 CET

Lanseringsarrangement: Forfattar Jon Hellesnes i samtale med Kjartan Fløgstad om boka på Litteraturhuset i Oslo mandag 25.2. kl 1730. 

Jon Hellesnes er aktuell med debattboka Natokomplekset. Om militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitet. I boka argumenterer forfattaren for at under ei vernande skodde av hemmeleghald, uklar tale og semantisk forvirring er Solberg-regjeringa i ferd med å overlate mykje av norsk militærpolitikk til Pentagon og hovudkvarteret i NATO. Den enorme dimensjonen til krigsøvinga Trident Juncture markerer at Noreg er blitt ein aktiv deltakar på den offensive sida i den nye kalde krigen. Ei slik markering gjer det også klart at det fredelege, diplomatisk ordna naboskapet med Russland er avslutta.

I boka viser Hellesnes korleis Noreg underordnar seg USAs leiarskap, uansett kva eller kven som er på veg inn i den amerikanske styringseliten, og der er det alt no visse bisarre innslag, for å seie det forsiktig. Aktørar frå den gamle kalde krigen hevdar med god grunn at det er USA som har starta den nye.

Jon Hellesnes (f. 1939) er forfattar og professor emeritus i filosofi ved Universitetet i Tromsø. Han har fått litteratur- og formidlingsprisar og er æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Med sine kronikkar og artiklar i dagspressa har Hellesnes i mange år vore ei befriande kontrær røyst i den offentlege samtalen. 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.