Gå videre til innhold
Ny fargerik bildebok frå Martine Grande

Pressemelding -

Ny fargerik bildebok frå Martine Grande

I Dagen opp ned blir vi kjende med to små som lever livet om natta og søv om dagen. Men kva skjer når desse to brått vaknar og alt er snudd på hovudet?

På ny har Martine Grande skrive ei forteljing om eit litt rart dyr. Denne gongen er det flaggermusa. Vi blir med flaggermusene på oppdaging inn i ein heilt vanleg dag, men for dei som er vakne berre om natta blir dagen eit eventyr.

I Dagen opp ned vaknar nemleg flaggermusene Ida og Oda ein dag opp om morgonen. Alt ser annleis ut! Det er ikkje natt, men dag. Det er ikkje mørkt, men lyst. Og det er ikkje stille, men veldig (veldig!) bråkete. Kor kjem alle lydane frå?

Grande let seg gjerne fascinere av dyr som ikkje nødvendigvis er dei søtaste i skogen. I debutboka hennar var hovudpersonen ein kakerlakk.

- Begge bøkene eg har skrive handlar om dyr eller insekt som anten har eit litt frynsete rykte eller som lett blir gløymde. Både kakerlakkane og flaggermusene kan jo ha spennande liv dei òg! Dette er hovudårsaken til at det vart nett flaggermus som fekk oppleve dagen, og ikkje søtare nattdyr, slik som ugla eller grevlingen, fortel Grande. 

Dagen opp ned er ei fargerik og spenstig bildebok, om å sjå verda med heilt nye auge. Grande har både teikna og skrive teksten til denne forteljinga.

Martine Grande (f. 1985) voks opp i Lierne i Nord-Trøndelag og bur no i Oslo. Ho er utdanna animatør og jobbar til dagleg i sitt eige animasjonsselskap, Grande Produksjon. I 2013 debuterte ho som forfattar med biletboka Kakerlakken med den stygge frakken ... og hovudet fullt av triste tankar, som også ligg føre som animasjonsfilm, biletbokapp og teater.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO