Gå videre til innhold
Ny Jakob og Neikob-bok frå Kari Stai

Pressemelding -

Ny Jakob og Neikob-bok frå Kari Stai

Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag i eit høgt hus. Jakob bur i første etasje, og Neikob bur i andre. Men på loftet er det heilt tomt.

- Vi treng ein sambuar, seier Neikob.

Radarparet Jakob og Neikob er tilbake, i Jakob og Neikob og det tomme rommet. Denne gongen skal dei fylle det tomme loftet sitt med ein sambuar. Men det som byrjar som eit felles prosjekt for to venner, ender i uvennskap. For første gong er bestevennene blitt verstevenner.

Den tredje boka om Jakob og Neikob handlar om dei store tinga i livet: vennskap, forsoning og ikkje minst jul.

For dei to andre bøkene i serien har Kari Stai mellom anna fått Kulturdepartementets debutantpris, Brageprisen og Kritikarprisen. Bøkene er selde til fleire land, mellom anna India, Danmark og Frankrike. Dei to første bøkene i serien finns også som appar.

Kari Stai (f. 1974) kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho er illustratør, forfattar og biletkunstnar.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO