Skip to main content

Ny jubileumsbok om Norsk Kulturråd "Eit eige rom. Norsk Kulturråd 1965 - 2015"

Pressemelding   •   okt 29, 2015 15:11 CET

Den nye, uavhengige jubileumsboka om Norsk Kulturråd, Eit eige rom. Norsk Kulturråd 1965 - 2015 av Alfred Fidjestøl vert lansert tysdag 3.11. med eit dagseminar på Litteraturhuset i Oslo. Fidjestøl deltek også på Kulturrådets årskonferanse 4.11. i Harstad.

Fidjestøl viser i boka at historia om Norsk kulturråd er ei historie om framvoksteren av det moderne Noreg. Om t.d. frykta for fjernsynet og kva som ville skje med norsk kulturliv når alle norske heimar fekk TV, om korleis populistar på Stortinget seinare spotta forfattarar og Kulturråd ved å lese høgt frå den modernistiske lyrikken, og om korleis Framstegspartiet stadig har drøymt om å høgtrykksspyle Kulturrådet «rent for spindelvev».

-Det har vore eit overraskande interessant prosjekt å arbeide med. Det er veldig mange av dei sentrale kulturdebattane dei siste 50 åra som på ein eller annan måte har handla om Kulturrådet. Derfor har dette blitt like mykje ei generell kulturhistorie som ei institusjonshistorie, seier Alfred Fidjestøl.

Boka fortel den fascinerande historia om kvifor og korleis Gerhardsen-regjeringa oppretta eit eige Kulturfond som skulle forvaltast av eit fritt og uavhengig Norsk kulturråd. Og ho fortel om korleis det i 50 år har vore stadige omkampar om denne ideen, der politikarar har ynskt å ta tilbake kontrollen og makta over desse pengane.

-Norsk kulturråd har alltid vore kontroversielt fordi det er blitt plassert midt i krysselden for nokre av dei mest grunnleggande motsetnadene i det norske samfunnet: motsetnaden mellom elitekultur og folkekultur, mellom by og land, mellom ekspertar og folkevalde, mellom kunstens fridom og dei politiske krava til kunsten, seier Fidjestøl.

Det pågår for tida ein ny debatt om korleis Kulturrådet skal organiserast i framtida. Den sitjande regjeringa varsla alt i regjeringserklæringa si ei fridomsreform med full gjennomgang av Kulturrådets arbeidsform og organisering.

-Vonleg kan denne boka vere med å skape nokre felles referansar for kva som ein gong var ideen bak Kulturrådet og korleis denne ideen har blitt forvalta så langt. Så er det sjølvsagt opp til dagens politikarar korleis dei ynskjer at Kulturrådet skal vere i framtida, seier Fidjestøl.

Alfred Fidjestøl (f. 1973) er historikar, journalist og forfattar. Han fekk i 2013 Sultprisen for forfattarskapen sin. Han har tidlegare gjeve ut m.a. bøkene  Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007), Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013 (2013) og Frå Asker til Eden. Historia om Askerkretsen 1897–1924 (2014).

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.