Skip to main content

Ny lærerik bok om mat for barn

Pressemelding   •   aug 24, 2012 11:06 CEST

Klara kan mykje rart om mat er Teresa Grøtans andre bok i serien Klara kan. Serien appellerer til barn i alderen 6-9 år som gjerne vil vite alt om korleis ting i kvardagen eigentleg heng saman.

Visste du at sukker har blitt brukt som både pengar og medisin? Eller kor mykje honning ein får frå 30 000 bier?

Klara er på sommarferie hos besteforeldra som driv gard, og får hjelpe til i gardsbutikken. Men det er lite kundar, og Klara meiner dei må utvide vareutvalet. Saman med bestemor oppsøker ho både eit ysteri og ein sjokoladeekspert, og undervegs lærer Klara mykje rart om mat. Det kjem til nytte når ho skal skaffe kundar til butikken!

Bøkene om Klara formidlar spennande kunnskap om ting som omgir barn i kvardagen. Dei er illustrerte av Ella Okstad, og eignar seg både for høgtlesing og å lese sjølv. Dette er den andre boka i serien. Den første boka, Klara kan mykje rart om klede, kjem snart ut i Danmark. 

Teresa Grøtan (f. 1974) er journalist og har tidlegare m.a. gitt ut Globaliseringsboka. Ho er frå Stokmarknes i Vesterålen og bur i Bergen.

 

 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy