Gå videre til innhold
Ny novellesamling frå Oskar Stein Bjørlykke

Pressemelding -

Ny novellesamling frå Oskar Stein Bjørlykke

Oskar Stein Bjørlykkes nye bok Blikket består av seksten korte noveller om menneskelege relasjonar gjennom ulike fasar av livet. Om lengten etter det som var, det som kunne ha blitt, etter det som gir meining og glede. Om meistringa ved å lære seg å sykla, kjensla av å bli sett, enkle gleder som smaken av jordbær, og gripande opplevingar som å finna eller mista kjærleik.

det som vart gitt meg
ikkje med ein gong, men sakte
dette
eg må slå ring om meg sjølv før eg kan opna sirklane for andre,
og halda av meg sjølv før eg kan halda av andre
og så
den djupaste smerta og den største gleda
dei tangerer kvarandre
slik natta og dagen rører kvarandre

Oskar Stein Bjørlykke (f. 1939) er frå Fitjar på Stord. Han er utdanna teolog, og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn. Oskar Stein Bjørlykkes produksjon er stor og mangfaldig. Bjørlykke bur i Oslo.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO