Gå videre til innhold
Ny novellesamling frå Øystein Orten, "Risp i berget"

Pressemelding -

Ny novellesamling frå Øystein Orten, "Risp i berget"

I si nye bok Risp i berget, tek Ortens utgangspunkt i eit lite lokalsamfunn, der han lèt oss møte rotlause skapningar frå dei tidlegaste tider og fram til i dag. Forteljingane hentar hovudsakleg råstoffet sitt frå ei fjordarm på Sunnmøre. Med innsikt og språkleg eleganse formidlar han det uforanderlege hos mennesket gjennom tidene i ulike kortsjangrar som noveller, bånsullar, kulokkar, balladar, preiker, graffiti og amerikabrev. Vi blir vitne til ei reise gjennom historia, og får oppleve ei rekkje ulike menneskelagnader, frå det første steinaldermennesket som kjem roande nordover med eit lite barn, den namnlause trælen som ventar på å bli løyst, soldaten Erik og den bekymra far hans og fram til den gravide tenåringsjenta som slit med å gjennomføre skulen. Risp i berget er ein overtydande kollasj av livsglimt, som spenner frå det dramatiske til det kvardagslege, frå det mørke til det humoristiske.


Risp i berget er Øystein Orten (f. 1962) si tiande bok sidan debuten med havflammen i 1995. Orten har fått svært god mottaking for sin historiske romanar og noveller, og kritikarane rosar evna han har til å levandegjere karakterande sine.

Boka vert lansert på Josefine Kafe på Hareid torsdag 26.februar kl 1800

Frå meldingar av den førre boka til Orten, romanen Rasmus Rebellen (2013):

"Øystein Orten vekker 1600-tallets kyst-Norge til live ... Nærmest som i en islandsk heltesaga, tar historien til med Rasmus’ foreldre, før vi følger Rasmus gjennom barndom, til han bryter opp og farer til sjøs, og til slutt vender hjem. Boka gir et levende bilde av kyst-Norge på 1600-tallet.
Bjarne Robberstad, Klassekampen

"På høgt nivå (...) Det historiske stoffet er blitt transformert på overtydande vis til ein fascinerande roman, til eit solid litterært verk (...)  Forfattaren har dukka ned i sin eigen og vår forhistorie og funne ei soge som han formidlar på framifrå vis."
Jostein Sæbøe, Romsdals Budstikke

"Her går historisk kunnskap, fantasikraft og politisk-sosialt engasjement ofte saman på elegant, perspektivskapande vis."
Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad

"Ein sann svir å lese (...) Språket er i ei klasse som gjer at eg berre må setje ned lesehastigheita. Få med meg orda som kvernar og mel, sneidar fram og smir ei forteljing ut av fantasi, folklore og historiske dokument. Orten saumar saman forteljeglede og kunnskap og serverer eit krunamål. Dette er eit karstykke."
Torill Myren, Sunnmørsposten

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO