Gå videre til innhold
Ny praktutgåve av Olav H. Hauges dikt til opninga av Haugesenteret 4. september

Pressemelding -

Ny praktutgåve av Olav H. Hauges dikt til opninga av Haugesenteret 4. september

Olav H. Hauge (1908-1994) er etterkrigstidas fremste norske lyrikar.

Mange av dikta hans har blitt felleseige og har gått inn i norsk litteraturhistorie som klassikarar. No har Samlaget samla over 100 av dei vakraste dikta til Hauge i ei praktfull gåvebok. Olav H. Hauges vakraste dikt kjem ut til opninga av det nye Haugesenteret i Hardanger 4.9. Meir om Olav H. Haugesenteret her.

Hauges dikt har nådd langt ut i verda og er blitt gjendikta til nær 30 ulike språk. Hauge har ein eineståande appell på tvers av generasjonane, og dikta har gjort han til ein av våre kjæraste lyrikarar.


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning. Meir her: www.samlaget.no

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO