Gå videre til innhold
Ny roman frå Anna Gavalda; "Billie"

Pressemelding -

Ny roman frå Anna Gavalda; "Billie"

Den  store franske forfattarstjerna Anna Gavalda er klar med ny roman på norsk, Billie, omsett av Tove Bakke. Billie og Franck er to utskot. Ho frå fattige og brutale kår, han er ein homofil rikmannsgut. På underleg vis finn dei saman. På ein fjelltur dett dei utfor ein skrent. Medan Billie strevar med å halde liv i Franck gjennom natta, fortel ho historia deira, frekk, humoristisk og rørande – akkurat slik vi likar Gavalda best.

Billie er historia om to svært ulike menneske som ikkje let fordommar eller skakkøyrd barndom stå i vegen for livet og draumane sine.

Anna Gavalda (f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar på verdsbasis og er omsett til 36 språk.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO