Gå videre til innhold
Ny roman frå Bookerprisvinnar Peter Carey

Pressemelding -

Ny roman frå Bookerprisvinnar Peter Carey

Intelligent og humoristisk roman av Bookerprisvinnar

I Peter Careys nye roman Parrot & Olivier i Amerika møtest to ulike menn i Frankrike rett etter revolusjonen. Den unge aristokraten Olivier har vanskeleg for å finne seg til rette under det nye styresettet, og leitar berre etter eit påskot til å rømme landet. Ei reise til den nye verda for å studere fengselsvesenet er derfor ei glimrande unnskyldning. Livet er heller ikkje heilt trygt for engelske Parrot, son av ein omreisande trykkar og falskmyntar. Saman legg dei to ut på ferda over havet, der Parrot er tilsett som Oliviers sekretær, tenar og beskyttar, og dessutan som spion for Oliviers mor.  Mellom adelsmannen og tenaren oppstår eit slags underleg vennskap.  Olivier prøver å like Amerika, men foraktar det udanna livet der, villmennene og presidentar som ikkje vil gå med parykk.  For Parrot er Amerika ein ny start, utan familiens lettare belasta fortid hengande ved seg. Det er klart for ein skikkeleg kulturkollisjon.

New York-baserte Peter Carey har vunne og vore nominert til Bookerprisen fleire gonger. Hans nyaste roman har blitt hylla mellom anna av Paul Auster som seier dette om boka:

Parrot and Olivier tar oss med til eit hemningslaust Amerika i 1830, og det er mogleg at det er den mest sjarmerande og engasjerande romanen denne djevelen av ein historieforteljar har skrive til no. Prosaen hans har aldri før vore lettare, sprekare eller meir musikalsk. Opne denne boka, og høyr korleis Peter Carey syng.

Til norsk ved Åsmund Forfang.

Peter Carey vart fødd i Australia i mai 1943 og har skrive seks romanar. Han vann Bookerprisen i 1988 for Oscar and Lucinda (som seinare vart gjort om til film med Ralph Fiennes i ei av hovudrollene). Carey vann Bookerprisen for andre gong i 2001 med True History of the Kelly Gang og var nominert til prisen i både 2007 og 2009.

Sagt om Parrot og Olivier i Amerika

«Alle som har følgt arbeida hans opp gjennom åra, veit at Peter Carey er ein listig forførar, ein mental akrobat som kan hoppe over kontinent og hundreår og få oss til å tru på akkurat den verda han har oppdaga og førestilt seg. Parrot and Olivier tar oss med til eit hemningslaust Amerika i 1830, og det er mogleg at det er den mest sjarmerande og engasjerande romanen denne djevelen av ein historieforteljar har skrive til no. Prosaen hans har aldri før vore lettare, sprekare eller meir musikalsk. Opne denne boka, og høyr korleis Peter Carey syng.»

- Paul Auster

«Ein storbandrevy av litteratur og historie. Parrot and Olivier in America grip tak i lesaren, marsjerer ned hovudgata og spelar med fynd og klem til lesarens begeistra applaus … Som dei fleste av Peter Careys oppfinnsame, maksimalistiskefornøyelsar, er Parrot and Olivier in America full av uttrykte kjensler … Setning for setning, Careys arbeid fortset å vere makelaust solid.»

- Thomas Mallom, New York Times Book Review

 «Dette er Peter Carey på sitt beste: Leikande, ekstravagant, men med full kontroll … Ein rik og strålande roman … Parrotand Olivier in America er ein kraftprestasjon, ei herleg svimlande rekke av eventyr og levande karakterar utført med brask og bram … Ein glimrande roman.»

- Andrew Riemer, Sydney Morning Herald

 

Meldingar av boka og intervju med forfattaren: http://petercareybooks.com/Parrot-Oliver-America

 

 

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO