Gå videre til innhold
Ny roman frå Grete Kleppen, "Uventa vendingar"

Pressemelding -

Ny roman frå Grete Kleppen, "Uventa vendingar"

Forteljaren i den nye romanen til Grete Kleppen, skal overvintre på eit fråflytta fiskevær på norskekysten, ein stad mellom Hustadvika og Ona fyr, for å skrive. Ein russar blir skylt i land og bryt inn i forfattarens sjølvpålagde isolasjon – og i forteljinga.

Grete Kleppen er kjend som ein leikande og fantasifull forteljar. I Uventa vendingar møter du mange fargerike karakterar, som dei to raudhåra gutane som rømmer frå eit kafkaesk slott for å bli skodespelarar i Paris, spelaren Ashley som er på oppdrag for ein russisk riking, og den norske sjømannen som har hamna på ei paradisisk øy.

«Uventa vendingar er ei svært spesiell bok. Faktisk er mesteparten av innhaldet i boka nettopp uventa, ofte absurd og irrasjonelt, men heile tida fascinerande, tankevekkande og med digre porsjonar humor.»
Jostein Sæbøe, Romsdals Budstikke


Grete Kleppen (f. 1953) er frå Molde og bur i Frankrike.

Kleppen har omsett fleire bøker frå fransk, mellom anna romanar av Hélène Cixous, og i 2007 fekk ho Bastianprisen for omsetjinga av Blendverk. Opphavlege scenar. Kleppen omsette den mykje omtala boka Kort historie om framtida av Jacques Attali i 2009, og i 2010 kom omsetjinga av Lubna Ahmad al-Husseins 40 piskeslag ut til gode kritikkar.

Som skjønnlitterær forfattar er Kleppen ein leikande og fantasifull forteljar. I debutromanen Ada (1998) lèt ho førestellinga om livet som forteljing vere grunnlag for eksperimentering, mens ho i H (1999) tèk utgangspunkt i ei reise og utforskar roller og identitet. I Blå fuge for far min (2010) gir ho eit varmt portrett av far sin, gjennom å skildre små episodar frå barneåra i Molde.

Uventa vendingar er Grete Kleppens fjerde roman.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO