Gå videre til innhold
Ny roman frå suksessforfattar Elena Ferrante, "Den dunkle dottera"

Pressemelding -

Ny roman frå suksessforfattar Elena Ferrante, "Den dunkle dottera"

Elena Ferrante har slått stort an hos norske lesarar. Både "Napoli-kvartetten", og "Svikne dagar" som kom ut i vår vart kritikarrost og har vore på bestseljarlistene i lengre periodar. No kjem nok ein roman Ferrante skreiv før Napoli-kvartetten ut på norsk.

I "Den dunkle dottera" møter vi Leda; 47 år gammal og veletablert yrkeskvinne. Døtrene har nettopp flytta til faren i Canada, og no ser ho fram til å dra på ferie åleine til sørkysten av Italia.

På stranda er ho kvar dag omgitt av ein støyande napolitansk storfamilie. Ho blir meir og meir oppteken av ei ung jente og dottera hennar. Ho vekslar mellom å beundre og å vere sjalu på den unge kvinna og barnet, men avskyr familieklanen som omgir dei. Leda blir overvelda av minna om dei vanskelege og ukonvensjonelle vala ho gjorde som ung mor, og konsekvensane dei fekk for henne og familien.

Den dunkle dottera er ein samtidsklassikar av ein forfattar som The New York Times har omtalt som «ein av dei store romanforfattarane i vår tid». Romanane Ferrante skreiv før Napoli-kvartetten har gripe lesarar overalt med den usentimentale skildringa av moderskap, ekteskap og åleineliv.

Boka kom ut på italiensk i 2008. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO