Skip to main content

Ny roman med Kielland-ulykka som bakteppe

Pressemelding   •   sep 11, 2019 09:00 CEST

I Atle Berges nye roman Puslingar er Kielland-ulykka den historiske hendinga forteljinga kretsar rundt.  Året er 1980. I Nordsjøen har bustad- plattforma Alexander L. Kielland kantra, og heime i Nordhordland sit familien til oljearbeidaren Jonny og ventar på at telefonen skal ringje.

Vi følgjer tenåringsjenta Marita vidare i livet, gjennom forelsking og opprør og i draumen om å bli oljeingeniør. Med seg har ho eit brennande ønske om å finne svar på kva som gjorde at Kielland velta. Skal ikkje nokon stillast til ansvar for at 123 oljearbeidarar mista livet på jobb?

Puslingar gir innblikk i ungdomstid og framtidsdraumar prega av ei av dei mest dramatiske hendingane i Noreg i 1980-åra.

Frå melding:

«Med Marita har Atle Berge skapt eit portrett av ei beintøff ungjente, ´modig, open, omtenksam´, som skrive står, i kontrast til kjerneverdiane i lokalsamfunnet omkring henne" Terningkast 5 i Stavanger Aftenblad, Jan Askelund

Atle Berge(f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. 

Har tidlegare gitt ut Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015).

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.