Gå videre til innhold
Ny roman om grufulle forsvinningar i Stalins Sovjet

Pressemelding -

Ny roman om grufulle forsvinningar i Stalins Sovjet

Jørgen Norheim er klar med romanen "Aldri redd for mørkets makt. Historia om eit brotsverk".

Som liten gut får Tor Steinar Normann ideen om at han skal hjelpe bestemor: «Når eg blir stor, skal eg dra til Russland og finne bestefar for deg.» I 1929 drog bestefar hans som idealistisk kommunist til Russland for å byggje sovjetstaten. Der forsvinn han i ein av Stalins mange fangeleirar. Tor Steinar får på mange måtar ein oppvekst som er typisk for etterkrigstida: Han blir militærnektar, student og politisk aktivist – og etablerer seg som teknisk sjef i Valdres. Men ideen om å fi nne ut kva som skjedde med bestefaren, slepper aldri taket. På ei av reisene i det tidlegare Sovjetunionen forsvinn han sjølv.

Aldri redd for mørkets makt er ein roman om stalinismen og om tankegodset som nådde heilt inn i norske studenthyblar på syttitalet. I glimt ser vi òg ei norsk familiehistorie over fire generasjonar. Kvar på sin måte stiller romanpersonane seg det store spørsmålet: Kvifor valde eg som eg gjorde?

Jørgen Norheim(f. 1952) har sidan debuten i 1994 gitt ut fl eire kritikarroste romanar. Adjutanten (2008) blei nominert til Brageprisen, og Ingen er så trygg i fare (2002) blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. Norheim er fødd i Sollia i Østerdalen og voks opp i Vestre Slidre. I dag pendlar han mellom Oslo og Berlin.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO