Gå videre til innhold
Ny roman på norsk av Elena Ferrante; "Kvelande kjærleik"

Pressemelding -

Ny roman på norsk av Elena Ferrante; "Kvelande kjærleik"

I Kvelande kjærleik blir Delias mor blir funnen død, flytande i sjøen, berre ikledd raffinert undertøy. Delia reiser tilbake til heimbyen Napoli i gravferda. Her mottek ho ei rekkje anonyme telefonoppringingar, som saman med mystiske hendingar fører til at ho må rekonstruere dei siste dagane mora levde. For kvar nye oppdaging må Delia ta innover seg at mora ikkje var den personen ho har trudd.

Elena Ferrante blir kalle ein av dei største romanforfattarane i vår tid. Dei kraftfulle romanane har gripe lesarar over heile verda. Kvelande kjærleik er Ferrantes første roman, og allereie her tematiserer ho forholdet mellom mor og dotter, slik vi kjenner det frå Napoli-kvartetten. 

Boka er omsett av Kristin Sørsdal.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO