Gå videre til innhold
Ny serie om fotball!

Pressemelding -

Ny serie om fotball!

Bli kjend med to unge fotballgudar: Stein og Storm, som speler i FK Rapitas.

I den første boka i serien: Kampen om pokalen - blir dei vikla inn i ein kvass strid med det største rivallaget sitt: Stutane. Det blir kamp om meisterskapen – men også om mykje meir!

Då eit par gutar frå Stutane stel ballen til Storm, gjer Rapitas-spelarane ei overraskande oppdaging. Og med oppdaginga følgjer det uventa problem. Greier Stein og Storm å konsentrere seg om fotballspelet? Og vil Stein lykkast med å vinne hjartet til Femke, eller vil han aldri kunne bli noko anna enn vennen til veslebror hennar?

Andre titlar i serien er Farleg spel og Utfinting. 

Serien er omsett frå nederlandsk til norsk ved Anne Lande Peters.

Reaksjonar frå lesarane: 

Ei kul fotballbok. Eg gler meg til å lese del to. – Jens (9)

Det eg synest er mest spennande, er om Stein og Femke blir kjærastar. – Charlotte (13)

Eg las boka på éin kveld. Eg håper verkeleg at del to er like spennande. – Jimmy (12)

Det er gøy å lese, fordi det ikkje berre handlar om fotball. – Marit (14)

Eg syntest det var ei spennande fotballbok! Eg har alt hatt ein bokpresentasjon på skulen om denne boka. – Dennis (11)

Gerard van Gemert (f. 1964) er ein nederlandsk forfattar som skriv bøker for barn og ungdom. Han har alltid vore lidenskapeleg oppteken av fotball, og då han var liten, drøymde han om å bli fotballproff. Det blei han ikkje, men engasjementet for fotball tek han med seg inn i dei spennande bøkene om fotballgudane.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO