Skip to main content

Ny tradisjonell strikkebok frå Island er her: "Islandsk strikk"

Pressemelding   •   sep 16, 2014 07:00 CEST

Islandsk strikk er ei bok med kring 60 tradisjonelle, men òg moderne oppskrifter for kvinner, menn og barn. Boka inneheld mange variantar av den klassiske islandske ullgensaren, men også mindre prosjekt som sokkar, vottar og skjerf. Islandsgensaren er eit eigna plagg i eit røft, nordisk klima.


Oppskriftene i boka er frå 1950-talet og fram til i dag og er laga i samarbeid med den einaste garnprodusenten på Island, Istex. I dag opplever garnprodusenten eit stort oppsving, noko den tradisjonelle mønstra ullgensaren skal ha mykje av æra for.

Islandsk ullgarn er billig og enkelt å få tak i på nettet.

Boka er omsett av Magni Hjertenes Flyum.


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy