Gå videre til innhold
Ny ungdomsbok frå Sunniva Relling Berg, "Beina i gitaren"

Pressemelding -

Ny ungdomsbok frå Sunniva Relling Berg, "Beina i gitaren"

Sunniva Relling Berg som vart Brageprisnominert for si første ungdomsbok, Utfor, følgjer no opp med ein ny ungdomsroman, Beina i gitaren.

Bo er 17 og har gitt opp å passe inn. Men då ho møter Hans blir det ikkje lenger så lett å tenkje at ingenting betyr noko.

Vi følgjer ho eit år frå sommar til sommar, gjennom tilbakeblikk til barndomen ho er på veg ut av, og intense, men famlande forsøk på å finne sin plass i verda og i forholdet til Hans. Beina i gitaren er ei sterk, kompleks og velskriven historie om identitet og sterke kjensler.

"Mørkt og finstemt om ei desperat jente... en befriende litterær ungdomsroman, skrevet av en dristig forfatter."
Maja Troberg Djuve, Dagbladet

Sunniva Relling Berg (f. 1988) kjem frå Ålesund og bur i Bergen. Ho debuterte i 2011 med den
kritikarroste ungdomsromanen Utfor, som vart nominert til Brageprisen. i 2012 fekk ho Kulturprisen til Stiftelsen Knut Holm på 300 000.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO