Gå videre til innhold
Ny ungdomsroman frå Lars Mæhle

Pressemelding -

Ny ungdomsroman frå Lars Mæhle

Slagkraftig ungdomsroman!

William og Samuel gav seg fader ikkje heller. Dei snøfta og slo og dundra laus. Nevane hamra og hamra. Dei var langt inne i ein sinnssvak rus av sprit og raseri. Det verste var at eg godt visste kva for tilstand dei var i. I eit mørke bortanfor alt. Der ein har gløymt alle reglar og all folkeskikk.

16 år gamle Simon har blitt flytta til ein ny fosterheim i ein liten dal på Vestlandet. Han trur han skal få ein lett match med å hevde seg her, men ting utviklar seg annleis enn han trur.

Andromeda er ein roman om unge menneske som på ulikt vis kjenner seg utanfor og annleis. Det er ei dramatisk historie om svik og lojalitet, posisjonering og sosialt spel.

Boka har lanseringsdato 29.08.

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009. Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Romanen blei tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 og vann U-Prisen i 2010. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO