Pressemelding -
Ny ungdomsroman frå Ragnar Hovland
Hovland er endeleg aktuell med ny ungdomsroman, "Om noko skulle skje". Boka er ei eventyrleg forteljing om Reiner og ferda hans gjennom dødsriket for å finne den tapte kjærleiken
BOKLANSERING HOS SAMLAGET: i Mariboes gate 13, 21.09. kl. 19. Opplesing og samtale. Dei nye kapellanane spelar. For informasjon og påmelding: m.aas@samlaget.no - sjå også Facebook-hending på Samlagets side.
Kjærasten til Reiner døyr, og han sørgjer slik over henne at han ikkje vil leve meir, han heller. Så blir han kjend med Kapteinen, som gir han eit tilbod han ikkje kan seie nei til. Kapteinen veit nemleg kor døra til den andre verda finst, der Reiner kan få møte att henne han elska. Han må gjennom umoglege prøvar og store farar, men har ingenting å tape.
Om noko skulle skje byggjer på myten om Orfeus og Evrydike, men den klassiske underverda har forandra seg til eit grått landskap utan mobildekning og med gamle pc-ar som ikkje fungerer. Kjærleiken, derimot, er den same, og fortvilinga når den ein elskar, går frå ein, er like vond som før. I dette spennande eventyret balanserer Hovland lett mellom det djupt sorgtunge og det genuint humoristiske, slik berre han kan.
Ragnar Hovland(f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar har han i snart 40 år gitt ut meir enn 50 bøker i alle sjangrar, i tillegg til gjendiktingar og omsetjingar.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.