Gå videre til innhold
Ny utgåve av Syn og Segn

Pressemelding -

Ny utgåve av Syn og Segn

Frå målarkunst til måtehald

I den nye utgåva av Syn og Segn er det ein stor samtale med kunstnar Håkon Gullvåg, tekstar om overkvalifisering, Jemen, klimaverstingar, folkekyrkja og amerikanorsk. Og mykje meir. 

BYMANNEN: Hyttekultur dreier seg om meir enn dyre hytter og statusjag. Det dreier seg om noko som stikk endå djupare: om tilknyting, om å høyre til. Felles for mange av dei som får seg hytte, er ein livslang lojalitet til bygda og naturen rundt, skriv Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn.

SAMTALE: Kunsten har gjentatt sitt farvel med måleriet. Men så lenge mennesket kan stanse ved eit bilde som står i ro, er måleriet ein stadig realitet for Håkon Gullvåg. For han er kunsten og politikken tett vovne saman, endå han ikkje vil kalle seg ein politisk kunstnar.

TEMA: Korleis kan språket få oss til å vakne, få oss til å sjå verda på nye måtar? Kvifor tek kulturlivet sjeldan ansvar for klima- og miljøutfordringane? Kvifor bør du bevare det gamle i staden for å kjøpe nytt – og kvifor treng vi eigentleg økonomane? Syn og Segn utfordrar fire skribentar til å skrive tekstar om tema som dei brenn for.

JEMEN: Det er ikkje ulovleg for norskeigde selskap å selje våpen eller militært utstyr via underselskap til land som er i krig. Men er det rett? Øystein Windstad om norsk våpensal.

Les også om sorbarane – Tysklands samar, om skule og utdanning, om amerikanorsk, måtehaldsfolk og totalistar. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO