Skip to main content

Nynorsk barnelitteraturpris til Kari Stai

Pressemelding   •   sep 02, 2019 10:09 CEST

Kari Stai er vinnaren av Nynorsk Barnelitteraturpris 2019

Kari Stai får Nynorsk barnelitteraturpris 2018 frå Noregs Mållag. Ho får prisen for boka Jakob og Neikob og Alle Andre. Prisen er på 30 000 kroner og har blitt gjeve ut sidan 1968.

Jakob og Neikob og Alle Andre er ei ekstra flott Jakob og Neikob-bok fordi ho også overskrid sitt eige univers, eller ein kan seia at den mangfaldige verkelegheita sildrar inn i det stiliserte Jakob og Neikob-universet. Det er imponerande gjort, skriv juryen i grunngjevinga.

Nynorsk barnelitteraturpris har vore delt ut sidan 1968. Prisen er eit diplom og 30 000 kroner, og den vert delt ut av Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, på ei open markering på Inderøy kulturhus laurdag 7. september kl. 13.

I juryen sit: Gudrun Kløve Juuhl, Per Roger Sandvik og Kristine Thorkildsen.

For meir informasjon: Hege Lothe, informasjonskonsulent i Mållaget, 926 48 348

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.