Gå videre til innhold
Nynorsk barnelitteraturpris til Lars Mæhle for "Dødeboka"

Pressemelding -

Nynorsk barnelitteraturpris til Lars Mæhle for "Dødeboka"

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2014 er Lars Mæhle med ungdomsboka Landet under isen. Dødeboka.

Juryen seier dette om prisvinnaren:

"Mæhle har skrive ei rekke bøker for både barn, ungdom og vaksne innanfor ulike sjangrar. Juryen rettar merksemda mot den delen av forfattarskapen som rettar seg mot ungdom, og meiner at forfattaren skal ha heider for å ta dei unge som lesargruppe på alvor. Med vinnarboka viser forfattaren at det er muleg å skrive kvalitetsbøker for ungdom innafor fantasysjangeren.

Gjennom ei fantastisk framstillingsform tar vinnarboka opp viktige spørsmål og legg grunn for etiske refleksjonar om kva ein kan koma til å ta del i om ein ikkje reflekterer sjølvstendig. Slik treffer boka ein nerve som er skremmande aktuell."

Det er Noregs Mållag som står bak prisen. Den vart fyrste gong delt ut i 1968. Prisen er eit diplom og 30 000 kroner. 

I juryen i år sit: Margit Ims, Anne Skaret og Knut Åge Teigen.

Lars Mæhle: (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009.


Landet under isen. Dødeboka:  

Dødeboka er ei råspennande fantasyforteljing der gammelegyptisk religion dannar bakteppet. Boka er ein oppfølgjar til Mæhles store suksess frå 2009, Landet under isen, som blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen, Fabelprisen og vart også nominert til Brageprisen. 


Kontakt Lars Mæhle via e-post:
mehlester@gmail.com

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO