Skip to main content

Nynorsk barnelitteraturpris til Maria Parr

Pressemelding   •   apr 11, 2018 10:00 CEST

Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpris 2017 frå Noregs Mållag. Ho får prisen for boka «Keeperen og havet». Prisen er på 30 000 kroner og har blitt gjeve ut sidan 1968.

– Med sine truverdige karakterar leverer årets prisvinnar eit solid stykke litteratur som kan stå seg i lang tid framover, skriv juryen i grunngjevinga. 

Maria Parr får prisen på Barnelitteraturfest på Samlaget i Oslo fredag 13. april, same dag som landsmøtet i Noregs Mållag opnar i Vinje. Dette er tredje gong Maria Parr gjev ut bok, og det er tredje gong ho får Nynorsk barnelitteraturpris.

Juryen har vore Marthe Frette, Gudrun Kløve Juuhl og Kristine Thorkildsen.

For meir informasjon: Hege Lothe, informasjonskonsulent i Mållaget, 926 48 348 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy