Gå videre til innhold
Nynorsk for dumskallar

Pressemelding -

Nynorsk for dumskallar

-Nynorsk er ikkje vanskeleg, seier Kristin Fridtun, forfattar bak Nynorsk for dumskallar. I boka viser ho at den nynorske jungelen ikkje er så skummel som mange trur.

Nynorsk for dumskallar er skriven for dei som ikkje kan så mykje om nynorsk, men som vil lære litt. Eller: Ho er skriven for dei som ikkje vil lære nynorsk, men som lære det. Kristin Fridtun var sjølv
bokmålselev i tjukkaste bokmålsland. På ungdomsskulen hadde ho ein norsklærar som sa: «Nynorsk er ikkje vanskeleg.» Fridtun trudde ikkje på henne. Seinare måtte Fridtun bite i graset og vedgå at læraren hadde rett.

Fridtun syner veg i nynorsken på morosamt, enkelt og underhaldande vis. Ho stiller spørsmål som: Er Ivar Aasen rota til alt vondt? Ho knuser mytar om nynorsken og Aasen og gir ei enkel og uvanleg god innføring i nynorsk språkføring og grammatikk.

Kristin Fridtun kallar boka eit "lågterskeltilbod":

-Eg hadde sjølv bokmål som hovudmål fram til eg var 19 år, så eg veit kva slags feller det er lett å gå i. Boka er skriven i medkjensle med dei som slit med nynorsk, i ein lun og triveleg tone. Ingen peikefingrar eller skjennepreiker her!

Fridtun turnerer saman med Riksteatret oppsetning av Bikubesong 1.-9.10 og held daglege språkkåseri før forestillingane.

Kristin Fridtun (f. 1987) har mastergrad i norrøn filologi. Ho er oppvaksen med bokmål, men skifta til nynorsk i 2006. Fridtun er fast spaltist i Dag og Tid og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker. Ho kjem frå Elverum, men er busett i Bergen. Fridtun gav i 2011 ut boka Norsk etymologisk oppkok.


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO