Pressemelding -
NYNORSK KVINNEKRAFT PÅ LITTERATURHUSET I OSLO 8. MARS
Forfattarane Marit Eikemo, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug i møte med Kjartan Fløgstad.
HKH Kronprinsesse Mette-Marit vil vere til stades på arrangementet.
”Eit sant mirakel” skreiv Kjartan Fløgstad om den sterke veksten innanfor nynorsk skjønnlitteratur dei siste tiåra. I fremste rekkje markerer dei unge kvinnene seg, i alle sjangrar og på alle arenaer – satiriske og lattermilde, oppglødde og kritiske, impulsive og analytiske. Dei rører seg ledig og treffsikkert innanfor essayistikk, dramatikk, sakprosa, romankunst og poesi, pluss nokre oppdikta sjangrar til. Desse utvalde sju er verdige representantar, og Fløgstad får gleda av å presentere dei gjennom samtale og opplesing i Wergeland-salen på kvinnedagen.
For akkreditering for presse, kontakt informasjonssjef Karin Helgøy i Samlaget – karin.helgoy@samlaget.no – innan 4.3. Kl 11.
For informasjon om arrangementet kontakt marknadssjef Anne Liv Tresselt – a.tresselt@samlaget.no - mobil:905 61 322
Wergelandsalen på Litteraturhuset i Oslo 8. mars, kl 19.
Billettar til sals på www.litteraturhuset.no
Arrangør: Vennelaget Samlagsrota
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.