Gå videre til innhold
Foto: Tom A. Kolstad
Foto: Tom A. Kolstad

Pressemelding -

Nynorsk litteraturpris til Jon Fosse for første band av Septologien

Jon Fosse vert tildelt Nynorsk litteraturpris 2019 for boka Det andre namnet, første del av Septologien

Prisen er på 30 000 kroner og den har blitt delt ut sidan 1982. Det er Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Samlaget som står bak prisen, og det er tredje gong Jon Fosse får denne prisen.

Juryen skriv m.a. dette i grunngjevinga: "Vinnarromanen er dei to første bolkane av eit storverk. På mange måtar er denne boka typisk for forfattaren, og samstundes vitnar ho etter juryens meining om fornying. Ein kjenner att skrivemåten, stilen, det suggererande og repeterande, det tilhogde språket. Men teksten er lengre enn vanleg for forfattaren. Det gjer noko med forteljinga. Her lar han over fem hundre sider gå utan at det vert sett punktum. Det gjer ikkje boka mindre leseleg. Forfattaren hjelper til med både lineskift, avsnitt og store bokstavar. Men fråværet av punktum gjev teksten ein eigen rytme, ein eigen intensitet, ei eiga tidskjensle."

Juryen har vore: Carl Morten Amundsen, Marta Norheim og Heming Helland Gujord. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO