Gå videre til innhold
Nynorsk litteraturpris til Olaug Nilssen

Pressemelding -

Nynorsk litteraturpris til Olaug Nilssen

Olaug Nilssen er tildelt Nynorsk litteraturpris 2017 for boka «Tung tids tale»

Prisen vart delt ut under landsmøtemiddagen til Noregs Mållag i helga. Det er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag som står bak prisen, som er på 30 000 kroner. 

Juryen har vore Siri Ingvaldsen og Ingrid Weme Nilsen og dei skrive denne grunngjevinga: 

«Årets vinnar av Nynorsk Litteraturpris er ein uvanleg sterk roman som skildrar korleis det er å vere foreldre til eit barn som er annleis. Boka er skriven i eg-form, og mykje av teksten er adressert til eg-personens barn, ein gut. Guten er avhengig av mykje hjelp for å leve eit godt liv, og vi får eit innblikk i moras evige kamp mot byråkratiet for å sikre sonens velferd. Vi kjenner korleis ho kjemper for å halde familien samla, for dei andre barna sine og for seg sjølv og mannen sin.

Dette er ei bok om livet med eit autistisk barn. Det handlar om foreldras sorg ved å sjå barnet misse språket og forandre personlegdom, om dagleglivets mange utfordringar, men òg om dei gode stundene når kontakten med guten er der, og alt fungerer som det skal i kvardagen.

Boka er skriven i eit knapt og usentimentalt språk, samstundes som forfattaren rører ved dei djupaste kjensler, forholdet mellom mor og barn.

Juryen gratulerer Olaug Nilssen med Nynorsk litteraturpris 2017 for romanen «Tung tids tale»!

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO