Gå videre til innhold
Nytt nummer av Syn og Segn ute no

Pressemelding -

Nytt nummer av Syn og Segn ute no

Menneskerettar og Kristus, hytter og aseksualitet 

Syn og Segn har levert sakprosa i 123 år og fornyar seg stadig. I den nye utgåva er det temasider om hytter og fritid, samtale med Berit Vegheim som kjempar for rettane til funksjonshemma, tekstar om liberale demokrati, Catalonia og kunstgjødsel. Og mykje meir.

HYTTER: Kva slags hyttesamfunn er vi i ferd med å skape? Kva blir borte når fjellet blir bygt ned? Carlo Aall, Anita Nordeide, Olav Norheim, Arne Lie Christensen og Håvard Teigen tek eit blikk på hyttekulturen i Noreg i dag.

DISKRIMINOLOGEN: Det handlar ikkje berre om kampen for å bli sett. Berit Vegheim i Stopp Diskrimineringen kjempar for grunnleggande menneskerettar og rettstryggleik for den største minoritetsgruppa i verda, dei funksjonshemma. Av Mette Karlsvik.

RELIGION: Kvar står forholdet mellom katolikkar og lutheranarar 500 år etter Martin Luther og kyrkjerevolusjonen i Wittenberg? Den lutherske kyrkja er meir moderne, men òg forflata i jaget etter relevans, meiner prest og fyrsteamanuensis i liturgikk ved Universitetet i Oslo, Merete Thomassen.

KUNSTGJØDSEL: I dag klarer vi å fø over sju gongar så mange menneske som i 1800 på berre tre gongar så store område. Og jamt over har vi betre, meir næringsrik og – ikkje minst – sikrare matforsyning no enn då. Korleis er det mogleg? skriv Åsmund Mikalsen Kvifte.

ASEKSUALITET: Kan aseksualitet rokke ved sentrale førestillingar om seksualitet, sjølv om det er ein marginalisert identitet? spør Randi Gressgård. «Mange aseksuelle aktivistar er opptekne av nettopp å utfordre den utbreidde patologiseringa av aseksualitet, slik også andre seksuelle minoritetar gjennom tidene har gjort og gjer.»

LIBERAL: Om sosialliberale konvensjonar skal overleve i ei verd der arbeidsplassar forsvinn og inntektsfordelinga blir meir og meir ujamn, må dei bindast opp til tankegods og forteljingar som sikrar både borgarfellesskap og økonomisk tryggleik, seier Per Søreide Senstad.

FINNEGANS WAKE: Leit i Finnegans Wake, James Joyce si bok frå 1939 – den siste og særaste han skreiv – og du skal finne. Det er mogleg å hitte nesten kva som helst i dette overflodshornet av ein tekst: Shakespeare, religion, torevêr, sex. Polske kjernefysikarar har til og med oppdaga matematisk fraktale setningsmønster. Av Dag F. Gravem og Leif Høghaug.

Vidare kan du lese dette: Johannes A. Nymark skriv om sjølvstendeprosessen i Catalonia, Marit Julien om språk og normer. Og om det ikkje er nok: Kunstnar Vanessa Baird kjem med ein sterk og klår bodskap til statsminister Erna Solberg og venene hennar.

*

– Syn og Segn er som ei gamal slåtteng: Her er både nye og spennande emne, og skribentar som ikkje slepp så ofte til elles i offentlegheita, seier redaktør Knut Aastad Bråten – som inviterer lesarar, bygdefolk og journalistar på besøk.

– Ja, for all del: Stikk innom kontoret vårt i Valdres. Eg serverer kaffi og goro – i tillegg til ljugarhistorier, song og kortspel.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO