Skip to main content

Nytt Syn og Segn ute

Pressemelding   •   jun 01, 2015 11:37 CEST

Syn og Segn nr 2 er ute. Du kan lese om mellom anna dette:

ARKITEKTUR: Kvifor har ferdighus vorte ein folkeleg suksess? Kva legg vi eigentleg i omgrepet smak? Og korleis skal vi forstå etikken bak estetikken? Gaute Brochmann, Ola Sendstad og Even Smith Wergeland ser arkitektur, etikk og estetikk frå ulike synsvinklar.

SAMTALEN: «Før var eg meir oppteken av å vere smart og intelligent, kanskje bar eg på eit mindreverdskompleks. Eg tenkte at publikum var Morgenblad-lesarar», seier musikar Odd Nordstoga i samtale med bror Haavar Simon Nilsen.

KLAGERETT: Barnepsykolog og forskar Kerstin Söderström er bekymra for kva signal Noreg sender når vi nøler med å gje barn klagerett til FNs barnekomité.

SINGAPORE: «Eg vart saksøkt av den singaporske statsministeren Lee Hsien Loong. Så vart eg sparka frå jobben, og da eg tok ordet under ein demonstrasjon, vart eg ytterlegare straffa ved å bli sikta for to nye brotsverk.» Den kjende bloggaren Roy Ngerng skriv om ytringskåra i Singapore – i Syn og Segn.

KJØT: Vi et kjøt fordi det er tradisjon, fordi det er kultur, fordi det er ideologi. Kjøtindustriell ideologi. Men er det rett? «Eg har forlate førestillinga om at dyr er skapte for menneske. Måten vi utnyttar dei på, gjer oss umenneskelege», skriv Shabana Rehman Gaarder.

Kontakt: redaktør i Syn og Segn; Knut Aastad Bråten - mobil: 907 68 797 knut@synogsegn.no


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.