Gå videre til innhold
Nytt Syn og Segn ute: om bunad og  Jesus, Erna og Finnmark

Pressemelding -

Nytt Syn og Segn ute: om bunad og Jesus, Erna og Finnmark

Bunad og Jesus, Erna og Finnmark

Syn og Segn har levert sakprosa i 123 år, og fornyar seg stadig. I siste utgåve er det temanummer om bunad og folkedrakt, stor samtale med forfattar Thorvald Steen, tekstar om Jesus og Finnmark, statsminister Solbergs tre nyårstalar og korleis det er å vere sensitiv. 

BUNAD: Dei norske bunadane har ein særskild posisjon i medvitet åt nordmenn. Kva slags rom for nytolking finst i bruken av bunadane i dag? Og kva betyr bunadane og folkedraktene for menneske i grannelandet Sverige? Draktforskarane Anne Kristin Moe, Håkan Liby, Ingun Grimstad Klepp og Lizette Gradén tek eit blikk på bunadbruken i Noreg og Sverige i dag.

RØYNDOMEN: For to år sidan fekk Thorvald Steen vite at han hadde ein onkel med same sjukdom som han sjølv. Kvifor hadde mor hans halde tett om dette? Det treng han skjønnlitteraturen for å granske.

FORBRUKSLÅN: Forbrukslån har vakse med 11 prosent det siste året og utgjer no totalt 90 milliardar kroner. I Finanstilsynet er dei bekymra, men har dei tenkt å gjere noko med det? Anders Nikolay Kvam, forbrukarkoordinator i Finanstilsynet, gir oss innsikt i lånekulturen.

JESUS: Å bruka Jesus som kyrkjekritikk er ikkje noko nytt; det har vorte gjort i Noreg i godt over 100 år. Halvor Moxnes set Jesus inn i ein historisk samanheng: Korleis speglar spørsmål om Jesus kulturen og kyrkjelivet i samtida, spør han.

SENSITIV: Sturla Pilskog skriv personleg om sensitive menneske i eigen familie. Kvifor ser vi dei sensitive som eit problem? «Ord som ofte vert tekne i bruk om sensitive barn, er at dei er sjenerte, skye, inneslutta, reserverte, engstelege. Ord som det er knytt noko negativt til.»

ERNAS TALE: Kvar nyttårsdag benkar Jørgen Norheim seg framfor TV-en for å høyre statsministerens tale. Men kva funksjon har statsministertalane, undrar han seg, og kva er det Erna eigentleg prøver å seie oss?

FINNMARK: Overraskande mange nordmenn har aldri vore i det nordlegaste fylket vårt, Finnmark. Vil du ikkje prøve, spør Aina Basso

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO