Gå videre til innhold
Nytt verk om Kjartan Fløgstad sitt forfattarskap

Pressemelding -

Nytt verk om Kjartan Fløgstad sitt forfattarskap

I Fløgstad verk nyttar litteraturforskaren Heming Gujord eit uvant, men overtydande grep når han leverer den mest omfattande analysen og kritiske gjennomgangen av dei hittil 51 bøkene i Kjartan Fløgstads mangfaldige forfattarskap.

Gujords informative nærlesing viser fram dei lange linjene, men løfter også fram brota og litteraturpolitiske inkonsekvensar i Fløgstads teori og praksis.

Framstillinga stør seg på moderne litteraturteori, men er i liten grad tyngd av unødig analysesjargong. Gujord kommenterer stort og smått av det som er skrive om denne markante og samansette forfattarskapen, og i tillegg har han frå fleire møte og samtalar med Fløgstad fletta inn forfattarens eigne synspunkt og kommentarar.

Boka har lanseringsdato 12.11.18

Heming H. Gujord (f. 1968) er førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen. Han er dr.art. i nordisk litteratur med avhandlinga Juviking og medmenneske. En kontekstuell tilnærming til Olav Duuns Juvikfolke (2005) og var redaktør for Norsk litterær årbok 2011–2016.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO